Gaupne gamle kirke

Gaupne gamle kyrkje ligg i Gaupne sokn i Indre Sogn prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1647. Kyrkja har langplan og 130 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.

Gaupne gamle kyrkje

Gaupne gamle kyrkje er ei lafta tømmerkyrkje frå 1646. Kyrkjerommet består av eit rektangulært skip og eit smalare og lågare, kvadratisk kor i aust. Den nedste delen av klokketårnet i vest har same breidd som skipet. Kyrkja har utvendig bordkledning, medan dei flattelgde tømmerveggene i kyrkjerommet står berre. Gavlane er i bindingsverk. Inngangsdøra til våpenhuset har utskoren omramming, som kan kome frå den tidlegare kyrkja på staden. Fortidsminneforeininga overtok Gaupne gamle kyrkje i 1909, etter at Gaupne nye kyrkje var bygd.

Kyrkjerommet er etter måten uendra sidan 1600-talet, med måla dekorasjonar laga av Nils Målar i 1658-60. Veggene er dekorerte med ranker, druer, blomar og apostelbilete. Over koret er det stjernehimmel, medan takbjelkane i skipet har måla skriftstader.

Også inventaret er stort sett uendra. Preikestolen, som har bilete av evangelistane på sidene, er frå 1626 og kom truleg frå den tidlegare kyrkja på staden. Det same gjeld katekismetavla på alteret, ei altertavle utan bilete, berre med tekst, i dette tilfellet innstiftingsorda for dåp og nattverd, og trusvedkjenninga i midten. Altertavla vart måla i 1688, men på toppstykket står årstalet 1589.

Kjelder:
Storsletten, Ola: Kirker i Norge 5, Oslo 2008

Vist 153 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Noen flere bilder av den gamle kirken:

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Sogn og Fjordane (246 bilder)

 
Annonse

Nye bilder