Kroken kyrkje

Kroken kyrkje
Kroken kyrkje blei bygd som kapell i 1910, og var anneks til Drangedal. Den ligger i Ytre Kroken, på garden Rød, som gav fri grunn til kyrkjegarden, som blei vigsla i 1869. Før den tid måtte ein ro eller kjøre på isen til Prestestranda. Frå 1988 har Kroken vore eige sokn.

Kroken kyrkje er ei lita sør-vendt tømmerkyrkje, med sitteplass til 156 pluss 19 på orgelgalleriet. I 1948 blei det bygd nytt tårn over inngangen, det gamle var nærmare midten. 1950 blei kyrkja måla og dekorert innvendig, med eit praktfullt glas-måleri av Finn Krafft som altarbilde. I 1987 blei ho noko ombygd, mellom anna blei preikestolen flytta og koret redusert for å gje plass til nytt sakristi. Samtidig blei benkane erstatta av stolar.

For vanlige gudstenester er Kroken kyrkje stor nok, men til dei største gravferdene, på julaftan og særlig konfirmasjons-dagen er ho alt for lita. Inngangen er tilrettelagt for rullestolar.

Vist 101 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Fin lita kirke.
Et gammelt mål var jo att tre tiendedeler av de som soknet til en kirke skulle få plass, men noen ganger skall hele bygda inn og da blir det for lite ja.

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Telemark (269 bilder)

 
Annonse

Nye bilder