Årdal kyrkje

Årdal kyrkje ligg på vestsida av vegen, mellom Riksveg 9 og den delen av Byglandsfjorden som og vert kalla Årdalsfjorden i Grendi i Bygland kommune. Den tømra kyrkja vart bygd i 1828 av Anders Syrtveit, «Anders kyrkjebyggjar» vart han og kalla. I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Døypefonten er av tre, orgelet er elektronisk frå 1975. Kyrkjeklokka er laga av Hans Mo, Christiansand i 1805 og har inskripsjonen «Soli Deo Gloria».
Kyrkjegarden ligg rundt kyrkja, men ein nyare del har blitt laga på austsida av Riksveg 9, nord for vegen som går opp til Landeskogen. Nord for kyrkja, på vestsida av vegen, er det parkeringsplass, det er også ein parkeringsplass sør for den delen av kyrkjegarden som ligg på austsida av Riksveg 9.

Vist 120 ganger. Følges av 1 person.

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Aust-Agder (66 bilder)

 
Annonse

Nye bilder