Øye kyrkje

Hovudkyrkja Øye i Surnadal er bygd i 1871. Ola O. Scheistrøen var byggmeister. Kyrkja vart vigsla 30. juni, og på neste gudsteneste den sommaren deltok 215 nattverdgjester!

Minst to eldre kyrkjer har stått på same staden – som i gammal tid heitte Eyar. – “En liden Kiercke af Staafwerk, uden Taarn oc Spiir, men med tvende Korsarme”, skriv Trondhjems Reformats om den eldste kjende Øye-kyrkja i 1589.

I 1724 vart ei åtte-kanta trekyrkje bygd. Eit måleri av denne heng i våpenhuset i den noverande kyrkja. Den kjende kyrkjekunstnaren Peder Bildsnider laga visstnok både altartavla og døypefonten den gongen. (Desse vart auksjonerte bort da ny kyrkje vart bygd. Klenodia hamna på museet i Kristiansund og brann opp da byen vart bomba under krigen.) Men vindua vart bruka opp-att på “Fastskulen” på Øye.
Altartavla i Øye kyrkje viser Jesu dåp og er måla av V. Vilberg.
Kyrkja fekk elektrisk lys i 1934.
Det noverande orgelet vart bygd av det danske firmaet Marcussen i 1987.

Vist 270 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Så fin!

Ja, det var en fin kirke dette, Lilly!:-) Tusen takk til alle som har trykt “Bra!” :-)

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Møre og Romsdal (132 bilder)

 
Annonse

Nye bilder