Kapellet i Bulandet i kveldslys.

Bulandet Kapell er trulig det vestligaste kyrkjehus i Norge. Det ligg lengst vest i Askvoll Kommune med storhavet tett på.

Vist 1231 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Bilde av Bulandet Kapell er tatt mot nordvest.

Sannelig min hatt. Vest for Fedje.

Takk til Anne I Sem og Jan-Tore Egge.

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

Engelsk orgel til Bulandet kapell i 1967.
Orgelet var ei gåve frå den norske sjømannskyrkja i North Shields i Newcastle. Denne kyrkja var nr 2 av sjømannskyrkjer som vart bygde i England. Sjømannskyrkja i North Shields vart bygd i 1868, og orgelet var (sannsynlig) omlag 100 år når Bulandet fekk orgelet. Transport og ombygging, utført av ein engelsk mann (namn ukjent), kosta ca kr 4 600,- Orgelet var første gong i bruk 12/12- 1967, etter ei restaurering av kapellet i 1966. Denne mannen som fekk plassert orgelet på galleriet i Bulandet var etter det som er fortalt ein litt spesiell kar. Ein dag han kom gåande vart han var at det hang fleire saue-slakt på ein husvegg. Dette vart ei svært traumatisk oppleving for mannen, som var ein dyreværnar, og ikkje åt anna enn vegetarkost. Men orgelet kom då likevel på plass…
På spelepulten står det Nicholson & Son, organ builders, Newcastle on Tyne, noko som vitnar om ei bevistgjering av at Nicholson-familien er “Organbuilders” i fleirtal. Sonen til James, Francis, bygde orgel ilag med faren James frå ca 1860 – 1891. Truleg vart orgelet til Sjømannskyrkja i Newcastle levert rundt 1868 då kyrkja var ny. Bulandet kapell har såleis eit svært gamalt orgel – omlag140 år. Eldre enn dei aller fleste i Norge – utanom enkelte orgel i byane.

Kjempeflotte bilder du har Steinar! Eg var på Bulandet i juni. Er som du kanskje skjønar spesielt interessert i orgel. Eg tok mange bilder inne i kapellet, men hadde ikkje noko gode bilder av Bulandet kapell utvendig, så eg hengde meg på denne tråden med desse bilda av interiøret.

Takk til Rune Molvik. Berre bra at du kompletterer med historikk og bilder. Kan fortelle at mi dotter gifte seg i kapellet i Bulandet i juli 2004, og under sermonien svikta orgelet. Og eg kan love deg at det ikkje var mange lovord om orgelet frå bulenningane som kunne fortelle at ikkje var første gangen det svikta, men brura vart gifte og regnar med at orgelet er iorden idag.

Trasigt med slikt på ein så spesiell dag som bryllaup. Eg prøvde orgelet i juni og gjorde lydopptak av det. Det fungerte svært godt då, så det må hatt ein god dag …
du kan høyre orgelet her om du har lyst:

http://www.flickr.com/photos/manualman/4773310261/

Hei Rune! Flott med orgelspel frå orgelet i Bulandet Kapell. Eg må sei at eg sjølv er interessert i kyrkjehus, og fer eg forbi ei kyrkje så må eg ut å ta bilde av den. Kjem til å legge ut ein del bilder av kyrkjehus etter kvart. Linken til flickr skulle du ha sendt til Bulandet og Værlandet si heimeside. http://bulandet-grendalag.org/.

Takk til John Martin Klæboe og Glenn Thomas Nilsen som likte bilda frå Bulandet.

Takk til deg Janne!

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Sogn og Fjordane (246 bilder)

 
Annonse

Nye bilder