Ålhus kyrkje.

.

Vist 129 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Ålhus kyrkje er ei langkyrkje i tømmer bygd i 1795 under byggmeister Gunder Gregoriussen Støfringshaug si leiing. Kyrkja står på same staden som den gamle stavkyrkja frå 11-1200-talet stod.
Altertavla er frå 1691 og viser eit måleri av Jesu korsfesting. Kristus-framstillinga synest å vere inspirert av Rubens – Der Gekreutzige. To lysestakar i dreia tre er også frå 1691- og to i messing er frå 1707. Alteret er frå mellomalderen og inneheld ei klebersteinsplate som stod i gamlekyrkja. Døypefot er frå den gamle kyrkja og dåpsfatet i messing frå før 1641.

Kyrkja har 168 sitjeplassar.

Kyrkjestaden på Ålhus har sterke historiske røter, og var naturleg val då det første gudshuset skulle reisast. Som namnetydinga viser var garden Ålhus ølhuset der folk møttest og hadde sine lag, slik dei gamle lovene føreskreiv. Før kristendomen kom var det detten delen av bygda som var midstad og kultstad – og ikkje minst her låg borgja til Jølstrabaronen Audun Hugleikson. I Ålhus kyrkje finn vi ei dør som truleg stammar frå denne borgja.

Flott kirkebilde …..med idylliske omgivelser

Bildesamlingen (2672 bilder)

 

Sogn og Fjordane (246 bilder)

 
Annonse

Nye bilder